Morten Hetland

Utanom roller i ymse skuleframsyningar, debuterte Morten på scenen i vaksen alder i «Hjelmelandsrevyen 2011: Kjekt å ha», der han òg var medprodusent og organisatorisk ansvarleg. Elles har han vore skodespelar og/eller instruktør i ei rekkje framsyningar i regi av Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag, Hjelmeland Ungdomsteater og Hjelmeland Teater.

Hausten 2013 tok han over som leiar og instruktør i Hjelmeland Ungdomsteater, som frå og med hausten 2017 fusjonerte med teaterdrifta til Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag, og danna nye Hjelmeland Teater.

Morten har òg skrive, sett opp og spelt tre show og to konsertar saman med Fredrik Hausken og Rita Sørensen (MRF Trio), samt to show med «Dvaske Menn».

Elles har Morten vore trubadur i alt frå konfirmasjon og bryllaup til 50-årsdag og galleriopning. Innimellom opptrer han òg som moromann eller musikar i tospann med Magnar Riveland.

• trubadur/musikar
• skodespelar
• teaterinstruktør
• kurshaldar

CV – framsyningar:
År Tittel Arrangør Sjanger Rolle
april 2018 «Ronja Røverdatter» Hjelmeland Teater eventyrmusikal instruktør
mars 2018 «Her er mitt liv» Hjelmeland Teater dramamusikal instruktør
skodespelar: gamle Svein
mars 2018 «Å velta ei ku» Hjelmeland Teater spelefilm regissør
manusforfattar
fotograf
klippar
komponist
desember 2017 «No er det jul, igjen» Hjelmeland Teater teaterstykke kapellmeister og musikar: piano/tangentar
instruktør
tekstforfattar
november 2017 «Jul i Viga» Ryfylkemuseet
Hjelmeland Teater
Hjelmeland kulturskule
julespel instruktør
tekstforfattar
skodespelar: nabo Ola
april 2017 «Løvenes konge» Hjelmeland Ungdomsteater musikal instruktør
desember 2016 «Dvaske Menn – rir igjen» Dvaske Menn show showartist: songar og skodespelar
tekstforfattar
november 2016 «Jul i Viga» Ryfylkemuseet
Hjelmeland Ungdomsteater
julespel instruktør
tekstforfattar
musikar: gitarist
november 2016 «Hjelmelandsrevyen 2016:
Snipp, snapp, snute…?»
Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag revy revyartist: songar og skodespelar
musikar: gitarist
tekstforfattar
produsent
august 2016 «Herr og fru Obstfelder
på hver sin klode – på Nilsebu»
Stavanger Turistforening
Sølvberget, Stavanger kulturhus
spel skodespelar: fekar Lars Kleppa
juni 2016 «Sommarshow 2016» Hjelmeland Ungdomsteater show instruktør
april 2016 «Mord over ein låg sko» Hjelmeland Ungdomsteater kriminalkomedie instruktør
desember 2015 «Putti Plutti Pott og Julenissens skjegg» Hjelmeland Ungdomsteater eventyrmusikal skodespelar: onkel Per
instruktør
november 2015 «Rett i lommen» Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag farse instruktør
august 2015 «Kyrkjespelet i Årdal» Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag spel skodespelar: Johannes Mæle
mai 2015 «Alle gode ting er tre» MRF Trio show showartist: songar og skodespelar
tekstforfattar
desember 2014 «Dvaske Menn» Dvaske Menn show showartist: songar og skodespelar
tekstforfattar
desember 2014 «Dei fattige barnas jul» Hjelmeland Ungdomsteater teaterstykke instruktør
tekstarbeid: omsetjar
november 2014 «Englar & hormoner» Hjelmeland skule revy instruktør
kapellmeister og musikar: gitarist
august 2014 «Kyrkjespelet i Årdal» Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag spel skodespelar: Peder Svadberg og
sokneprest Johan G. Thaulow
juni 2014 «200 år på 200 minutt» Hjelmeland Ungdomsteater tablå skodespelar: norsk soldat
instruktør
juni 2014 «Sommarshow 2014» Hjelmeland Ungdomsteater show musikar: gitar og piano
instruktør
april 2014 «Hjelmelandsrevyen 2014:
Feiande flott!»
Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag revy revyartist: songar og skodespelar
musikar: gitarist
produsent
instruktør
tekstforfattar
desember 2013 «No er det jul, igjen!» Hjelmeland Ungdomsteater teaterstykke musikar: scenepiano
instruktør
tekstforfattar
november 2013 «Rødhette og den store stygge ulven» Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag komedie skodespelar: Trollet
juni 2013 «Ivar Aasen på Hjelmeland-besøk» Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag spel skodespelar: ordførar Ole P. Thorsen
tekstforfattar
juni 2013 «Sommarshow 2013» Hjelmeland Ungdomsteater show instruktør
desember 2012 «The Juleshow» MRF Trio show showartist: songar og skodespelar
tekstforfattar
oktober 2012 «Kyrkjespelet i Årdal» Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag spel skodespelar: lensmann Jon Gjedeskjær
april 2012 «Hetland og Hausken Show» MRF Trio show showartist: songar og skodespelar
tekstforfattar
desember 2011 «Hjelmelandsrevyen 2011:
Kjekt å ha»
Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag revy revyartist: songar og skodespelar
produsent
tekstforfattar
2005 «Cabaret i 100» Hjelmeland skule kabaret musikar: bassist
skodespelar: Oliver Mjølhus
1999 «Byen vår» Hjelmeland skule teaterstykke skodespelar: målar og fiskar
1998 «Folk og røvarar i Kardemomme by» Hjelmeland skule teaterstykke skodespelar: Tobias i tårnet
1997 «Den levande skogen» Hjelmeland skule syngjespel skodespelar: tre